Velkommen
Beliggenhet
Dette er Ål i Hallingdal
Transport
|
Tettstaden Sundre er sentrum er sentrum i Ål, som er den største kommunen
i Hallingdal. Ål ligg 436 m.o.h., og det varierte terrenget med enorme fjellvidder
gjer at Ål har vorte eit populært reisemål for naturelskarar både
vinter og sommar.
Riksveg 7 og Bergensbanen går gjennom Ål sentrum og er viktige
samferdsels-årer både vestover og austover.
Det bur 4800 menneske i Ål kommune, som har eit flateinnhald på
1173 kvadrat-kilometer. Landbruk er den viktigaste næringa, med hovudvekt på
kjøtt og mjølkeproduksjon.
Næringslivet elles er variert med industri, turisme og service. Her finn du eit
breitt utval forretningar, og fleire hotell og reiselivsverksemder både på
fjellet og i dalen. Du finn redaksjonen for lokal-avisa "Hallingdølen" her, og
luftambulansebasen for indre Sør-Noreg er plassert i Ål. Ål
folkehøgskule og kurs-senter for døve ligg og her.
Den årlege Ål Utsillinga i første del av juni, er ei mønstring
av husdyr, handel, kultur og bygde-næringar.
Ål har hatt ein lang og rik folkemusikktradisjon. Kvar vår blir "Den norske
Folkemusikkveka" arrangert, ei vekes lang samling for folkemusikkinteresserte frå
inn- og utland.
Ål har helde på sitt kulturelle særpreg. Rosemålarkunsten har
alltid hatt ein rik tradisjon, og fleire av landets beste rosemålarar kjem
her i frå.
Det er rikt fiske i Ål. Du kan fiske i Hallingdalselva og fjellvatn. Fiskekort
for Hallingdalselva og andre vatn kan ein kjøpe i sportsforretningar og i
turistinformasjonen. Det vil vanlegvis stå betalingskasser ved enkelte
private fjellvatn.
Ål er eit flott utgangspunkt for rundturar i bil eller med jernbane, og gir
deg mange val innan naturopplevingar, med nær tilknytning til
både fjord og fjell.
|