Vinter:
Skarslia Ski- og Akesenter
Kanefart
Scootersafari
Gymkhana
Snørekjøring
Isfiske
Skiseiling
Sommer:
Sykling
Bading
Fiske
Ridning
Eivind Fredlaus
Stavkyrkjer
Steinbuer
Stølsdrift
Rafting
Motorsport
Langedrag Fjellgard
Huso Fjellgard
|
Dei gode utmarksbeita har gjennom alle tider vore eit viktig grunnlag for landbruket
i øvre Hallingdal. Kvar gard hadde gjerne to eller fleiree stølar.
Heimstølen, i området nær bygda, vart nytta vår og haust.
Langstølen, på høgfjellet, vart brukt om sommaren. Stølen
var bondekona sitt område, med travle veker saman med små ungar og
buskap. Ungane fekk tidleg ansvar og plikter; ein hard, men god skule der dei
små mellom anna måtte passe buskapen for bjørn og ulv.
Stølsdrifta i Hallingdalsfjella lever enno, sjølv om omfang
og karakter er endra. No går det vegar heilt fram til stølen
og tankbilar hentar mjølka.
Nokre av stølane tek og i mot besøkande. Om du spør, kan du
få mang ei god historie om livet på stølen i gamle dager.
Fagerdalen støl
Fargerdalen støl ligg ved fjellvegen som går mellom Hovet og
Rødungstølen (Vats). For å koma hit kan du enten kjøyre
RV 50 og ta av ved Gryte bru (ca. 2 km vest for Hovet) og kjøyre mot
Rødungstølen (Vats), eller du kan ta av RV / ved Gullhagen
(ca. 2 km aust for Ål) og kjøyre til Vats/Rødungen/Tvist
og vidare mot Hovet.
Her er du velkomen til ein støl som blir drive på "gamlemåten",
og oppleve forskjellige dyr på nært hald. Opent for servering av
rømmegraut, kvikaku, rømme m/surystil og kaffi kvar dag i tida
1. juli - 25. august kl. 12.00 - 17.00, deretter enkelte helger. Sal av runne,
ost o.a. stølsprodukt.
Gamlefjøset er i år nyrestaurert som triveleg serveringsstad for
grupper, festlege lag og liknande. Dette kan tingast etter avtale. Du kan vende
deg til Anne Lise Søndrol, Hovet, tlf. 32089806 / 91109779.
Nedremyrstølen
Tradisjonsrik stølsdrift med m.a. foredling av mjølk til
rømme, ost og smør. Høve til å ta del i
stølsarbeidet. Omvisning og orientering om arbeid og levesett på
stølen i gamle dagar og i dag. Sal av stølsprodukt for å
ta med heim. Tilkomst frå Vats/Nordheim i Ål. Den gamle kyrkjevegen
mellom Vats/Nordheim og Hol går forbi Nedremyrstølen. Bilveg
frå Nordheim om Varaldset. Flott utsikt. "I hol laves dalens beste ost",
sa amtmeierske Oline Melby omkring 1900. Og osten smakar framleis framifrå.
For på Nedremyrstølen går livet og arbeidet som før, utan bruk
av elektrisitet eller andre tekniske hjelpemiddel. Stølen er i drift frå
1. juli - 1. september. Det er traktering med tradisjonsrik stølskost kvar
tysdag, onsdag og torsdag frå kl. 12.30 - 15.30. Omvisning, demonstrasjon og
smaksprøver frå kl. 13.30. Nedremyrstølen tek i mot grupper
på opp til 50 personar ved førehandstinging. Ein kan og tinga omvisning
utanom sesongen. Kontaktperson Kari Nedremyr, tlf. 41639275 / 32089155
|