Vinter:
Skarslia Ski- og Akesenter
Kanefart
Scootersafari
Gymkhana
Snørekjøring
Isfiske
Skiseiling
Sommer:
Sykling
Bading
Fiske
Ridning
Eivind Fredlaus
Stavkyrkjer
Steinbuer
Stølsdrift
Rafting
Motorsport
Langedrag Fjellgard
Huso Fjellgard
|
Det ligger vel til rette for flotte turer i fjellområdene ved Skarslia, og
spesielt fjellheimen i Bergsjø/Rødungen, Tvist, Djup og Toviken. Du
kan leie sykkel hos oss, også for barn, også sykkel med henger for barn.
Ål kommune kan by på flotte naturopplevingar. Her finn du eit nettverk av
vegar både i dalsidene og på fjellet. Ynskjer du å gå fjellturar
tilrår vi Reineskarvetområda.
Som sykkelturist i Ål har du mange alternativ. På dei mange fjellvegane
kan ein oppleve vill og vakker natur. Turen opp i frå dalen til fjellet kan
væra strevsam, men er ein fyrst oppe er terrenget snillare. Legg turen innom
ein av stølane som tek imot turistar, for ein velfortent kvil. Ein kan og
gjere seg kjend med bygda ved å leggje turen langs elva nede i dalen der du
på varme dagar kan finne flotte badeplassar.
Ål ligg langs sykkelstamvegen Eventyrvegen, som startar frå Geilo og
ender ved Krøderen rute 7. Ein 163,5 km lang sykkeltur som for det meste
går langs gamle fylkesvegar og skogsvegar (stort sett utanom riksveg). Mogeleg
å ta lokale avstikkarar. Alternativ rute frå Gol til Hemsedal 33 km,
rute 52. Kartet over Eventyrvegen kan du kjøpe på turistinformasjonen,
og vil væra deg til stor hjelp når du skal planleggje turen, anten du
velgjer å ta Eventyrvegen eller mindre turar her i Ål.
Vil du sykle Rallarvegen på Hardangervidda (28 km) tek du toget til Finse
(syklane må ein sjølv ta med ombord). Rallarvegen går langs
toglina til Haugastøl. Om du vil kan du sykle langs riksveg 7 til Ustaoset,
Geilo og Ål.
Ta kontakt med Ål Turistinformasjon
for mer detaljerte turforslag.
|